Flatene skule ligg på Ytre Hafstad i Førde kommune. Skulen vart bygd i 1997 og er ein 1-4 skule. Det går 212 elevar ved skulen. 155 av desse har SFO-tilbod.
Abonnere på nytt frå www.flatene.no? Registrer deg her.
Di Epost-adresse:
Nytt frå skule og SFO
Vinterferien i SFO v.8
SFO har ope f.o.m måndag 20.02, t.o.m fredag 24.02.12 for barn som har A-tilbod. Barn med B-E tilbod kan søke om plass. Sjå søknadskjema under menyval SFO.
23.01.12 kl. 11:59
Sommar SFO
SFO er sommarstengt i Førde kommune f.o.m veke 27 t.o.m veke 30. Søknadsfristen til sommar SFO er 15. april. Søknadskjema finn du på flatene.no frå 1. mars.
17.01.12 kl. 11:54
Skuleruta 2012/13
Skuleruta for skuleåret 2012/13 vert endeleg vedteken av bystyret i februar. Framlegg til plan kan du lese under.
Onsdag 18. januar inviterer vi foreldre og søsken på grønsaksuppe m/brød kl.14.30-16.15. Pris: voksne 40 kr, barn 10 kr. Overskotet går til Unicef.
13.01.12 kl. 08:31
Mykje vatn på skuleplassen
Flatene skule har fått mykje vatn på skuleplassen etter oversvømming lenger opp i skogen. Tidlegare i kveld rann det store mengder vatn på vegen forbi raudt hus. Ingen av husa er skada.