I veke 47 og 48 har 5. trinnet hatt besøk av Ingvar Vagstad frå Den Norske Kyrkja, og han har teke elevane med på ei reise gjennom bibelen.
Dei har lært 73 stikkord, i kombinasjon med rørsler og teikn, som fortel att bibelen på to minutt.
Elevane har vore veldig engasjerte og arbeidssame, og har gitt uttrykk for at dette har vore kjekt og lærerikt. Vagstad var svært nøgd med 5. trinnet ved Flatene skule.
Sjå bilete her.